Posteado por: gatewaymexico en: noviembre 23, 2011
Det å kunne kaste seg ut frå eit fly, er ein supert mogeligheit-Ein mogeligheit eg valde å ta!
Mitt namn er Karianne Kopperstad og eg har alltid hatt ein draum om å hoppe i fallskjerm.
Heilt sidan eg var omlag 6år, har eg sett på desse sprø folka som har kasta seg ut i det blå. Og tenkt, dette vil eg også gjera.
Mogeligheita fikk eg i Mexico, hausten 2011. Prisen for denne mogeligheita kostar omlag 3000,- inkludert foto eller video.
Eg var ikkje i tvil då eg meldte meg opp for og hoppe. Timen fikk eg med det same. Kl 11.00 skulle eg endelig realisere draumen min. Det heile gjekk nokså raskt. Eg skreiv under nokon papir, og instruktøren forklarte kva som skulle skje, som f.eks korleis eg skulle sitje i flyet og korleis eg skulle ha beina da vi hoppa. Etter ein flytur på omlag 25minutt, opna dei døra. Eg kjende pulsen steig, men det var ikkje nervar, det var bare adrenalinet som tok meg allereie da. Hadde det ikkje vert for øyrene, hadde smilet mitt gått helt rundt. Eg tok steget ut av flyet og vi talde til tre. Då venta eit fritt fall på 40 sekunder meg. Vi suste gjennom lufta, det var supert! Ein heilt ubeskrivelig følelese som ikkje kan beskrivast gjekk gjennom kroppen. Fallskjermen løyste seg ut, og eg kunne sjå Playa del Carmen i fugleperspektiv. Ein fantastisk utsikt. Der og då følte eg meg som den heldige personen i heile verda! Eg hadde endelig fått realisert draumen min.
This slideshow requires JavaScript.